søndag 16. februar 2025

Lys

"Så går en dag enn från vår tid och kommer icke mer."

Den opna så fint denne dagen med klår blå himmel då sola rann over fjella i aust. Det var fleire kalde grader ute då ho byrja på si vandring over himmelen mot vest. Men det varde ikkje mange timane før skyene dukka opp, og då sola nådde middagsleitet  var ho gøymt bak det grå teppet der oppe over fjella. Og temperaturen nærma seg 0 C.
Men då ho nærma seg enden på denne dagen si ferd i vest, opna det seg ei blå skyfri strime i syd  slik at ho med sine strålar fekk ta farvel og takk for denne dagen. 
No mørknar det mot kveld over bygda og lysa tendest i heimane der på den andre sida av fjorden.

"Så går en dag en frå vår tid och kommer icke mer, och enn en natt med Herrens frid til jorden senkes ner.

Men du førbliver den du var, o Herre, full av nåd, och våre netter, våra dar du tecknad i ditt råd.

Trygg i di vård jag læmnar mig, nær solen från oss flyr, och gladligt skall jag prisa dig når dagen åter gryr. "






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar