Nokre brødskiver hadde gått ned langedalen og eg gjorde meg klar for mi vanlige vandring etter allemannsvegen då telefon varsla om at ein kvan ville ha meg i tale. Det var mi dotter som ville høyre om eg var klar for ein gåtur syd om fjorden. Og å gå med godt lag er alltid betre enn å gå åleine så då takka eg ja.
Sola varma godt då eg og mine medvandrarar var på veg mot startpunktet ved Hovdevatnet. Eg har vandra rundturen rundt vatnet med dei før så eg visste kva som venta. Litt høgre tempo enn det eg elles brukar når eg går, men eg har merka at forma mi har vorte mykje betre frå første gongen eg gjekk same turen med K-R, då måtte eg ta fleire pustepausar før eg kom opp første bakken. No går det bra utan nokon pause heilt til eg er oppe på siste høgda. Der deler stien seg, og der står det ein benk lageleg til.
Men når eg går på ujamt underlag må eg vere litt obs og lyfte føtene høgt nok når eg flytter dei, elles kan det gå som siste eg gjekk her, då eg brått opplevde å ligge med nasa nede i molda. Ein av skorne hadde hekta seg i ei lita rot. Heldigvis vart resultatet ikkje verre enn litt mold på brokaknea.
På vestsida av vatnet opp mot Ytrestøylen, eller Jøstelen som det heiter i daglegtalen, er det flott utsyn over vatnet mot Ytrehovdegardane og fjella over fjordbotnen og dalane austanfor, der Saudehornet er det som lyfter sin topp høgast.
I Ytre Hovden var mi mor barnefødd, og der vaks ho opp på loftet av skulen som då stod der, saman med sine syskjen. Det var der foreldra fekk husvære då min bestefar, Skule-Iver var lærar der. Det var nok ikke berre berre å vekse opp på skuleloftet. Ikkje store plassen for ei stor familie, og i skuletida måtte det vere stilt så dei ikkje uroa undervisninga nede i klasseroma.
Frå vegen forbi gardane på Jøstelen tek ein sti av frå vegen, over marka og opp i den skogkledde åsen. Framme på høgste punktet på stien må eg, sjølv om eg ikkje har hatt trong for kvile tidlegare, nytte benken ei stund før vi tek fatt på nedturen mot vatnet. Godt å kvilte føter på nedturen så eg ikkje snublar att.
Der ligg ein gapahuk når stien kjem ut av skogen og ned til vatnet. K-R har bore med seg ein liten sekk under vandringa, og no høver det med eit krus kaffi og litt attåt medan augene får gli over vatnet, Hovdeåsen og fjella bak åsen, på nordsida av fjorden.
Dei gamle fjell i syningom, song Åsa-Ivar, og betre kan det ikkje seiast her i vasskanten.
Å sjå dei der dei lyfter seg over åskanten alle toppane,
Frå Liadalsnipa lengst vest. Ho ser litt annleis ut herifrå enn slik ho møter ein når ein rundar Rjåneset og ser henne røyse sin store finger opp over fjorden og bygda.
Blåfjellet, der restane av fjellfoten på det som eingong var Parishornet ligg, og der Skorgeurda veltar seg nedover fjellsida heilt til fjorden, og endå lenger på fjordbotnen.
Så kjem Bjørnastighornet før Skorgedalen med sine toppar opnar sitt djupe hogg i fjellrekka.
På andre sida av dalen ligg Hagekamben og Nivane.
Der låg nokre ender og symde utfor stranda. Eit par av prøvde seg opp på kanten for å sjå om der kunne verte nokre smular å få, men der var heller lite så dei vende fort attende til vatnet, og vi tok fatt på siste strekke langs vatnet attende til utgangspunket, bilen og heimturen. Og eg må berre takke for turen og trimmen. 5,7 km og 7519 steg fortalde mobilen meg, og det må eg vere nøgd med. For det gjeld å gå, seier Søren Kirkegård. "Tap for all del ikke lysten til å gå." Han sier litt meir og men det får vere til ein annan gong.
,