onsdag 12. juni 2013

Ein blomedekt kross

Men så var det desse krossane som blømer. Ikkje slike som dei lagar til i Amerika og andre reformerte kyrkjer. Desse krossane som dei dekkjer med blomar på langfredag for å ære krossen som bar Jesus då han sona verda si synd, men blømande krossar som ein finn på altertavler og anna kyrkjekunst.
Dei kan eg ikkje minnast å ha sett i meir enn to kyrkjer, og begge her i landet. Verdsveven gav heller ikkje noko utslag på mine søkjeord, korkje i form av bilete eller tekst.

Men to har eg sett. Det eine er eit gamalt alterskåp med ein kross framfor. På krossen heng eit gamalt krusifiks frå 1200-talet. Midt på 1700-talet fekk ein bygdekunstnar i oppgåve å måle alterskåpet og krossen. (Kanskje var dette ei overmåling av tidlegare katolske bilete som ikkje vart tolerert i det luthersk pietistiske Danmark-Norge? Det veit eg ikkje.) Og bygdekunstnaren dekte alterskapet og krossen med vakre blomar. Og slik lyser det i dag opp på alteret i den gamle stavkyrkje i Hedalen i Valdres.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar