mandag 10. juni 2013

Tau-kors

Eg har hatt ståande eit arbeid i heile vinter, i vent på at arbeidslyst og initiativ skulle dukke opp hjå meg når snøen forsvann og våren kom. Men med mai vart eg teken av noko som sette meg nesten heilt ut. Kreftene vart borte, og med det som kravde litt meir enn å sitje på ein stol, så var det ikkje lenge før eg berre heiv etter pusten.   Men smått om senn har det betra seg, og eg har fått byrja på utearbeidet mitt. Men pilgrimsturen, øyhoppinga, frå Kinn til Selja som mi kjære og eg melde oss på, den måtte eg berre avlyse denne gongen. Kanskje kan vi prøve oss på den eit anna år.Vandringsleiaren ynskte oss velkomen til det. I staden vert det ei veke i Tyrkia. Så får eg vona at varmen der har ein postiv verknad på meg.
Men når eg har hatt mine korte ykter i molddungen min desse siste dagane, så vil ikkje tankane alltid halde seg til spade, trillebår og mold. Det dukkar gjerne opp emne som er fjernt frå det kvardagslege. Som ulike korstyper. Årsaka til det er Grodåsturen som "dei vise menn" (Y's Men's Club) med fylgje hadde for ei veke sidan. Der vi fekk sjå Dagfinn Werenskiold si altertavle i Hornindalskyrkja med det blømande korset. Mine søk på verdsveven har gitt lite resultat, korkje i form av bilete eller tekst, så truleg er motivet heller skjeldan.
Men medan mine tankar har krinsa rundt kors og korsformer, så har det dukka opp nokre kors, eller krusifiks, frå mine vandringar, som ikkje har hatt den forma vi finn i vanleg bruk rundt om i den kristne verda.
Eit slikt kom vi forbi i Castrojeriz, vest om Burgos. Der stod det eit Tau-kors ved sida av bygata. 

Eg hadde før sett det som smykke på nokre kvinnlege medpilegrimar. Og ei klosterruin nokre kilometer før Castrjeriz, var og merka med det. Eg som hadde trudd at det var eit slags nyåndeleg teikn, måtte til å undersøkje kva dette var for slags kors.                                                                           Korset har gamle røter attende til Egypt, og til det hebraiske alfabetet. Den siste bokstaven i det vart tidlegaste teikna med eit kryss eller eit kors, og det var alfabetet sin siste bokstaven, og den var kalla tav, eller tau. Som den siste bokstaven representerte den oppfyllinga av Guds ord. Profeten Esekiel omtalar den billedleg i kap 9,4, når Gud seier til ein mann med skrivesaker at han skal gå gjennom Jerusalem og sette eit kryss (tav) i panna på dei som er trufaste mot Guds ord.
Så kan ein fundere litt over samanhangen mellom bokstaven tau (tav) si tyding og det som hende ved Jesus sin krossdød. Og Esekiel sine ord om merkinga i panna - og kanskje katolikkane si krossmerking på panna oskeonsdag.

Det er dei som meinar at Jesu kors var forma som eit tau-kors. Frans av Assisi nytta og taukrossen rwqvtfi sin orden..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar