fredag 1. februar 2013

Solglytt


Januar var ein stabil månad i år. Mykje kaldt og klårt vær, og eg fekk sjå sola klatre litt meir opp på sørhimmelen , mest kvar dag. Men det har og vore ein innemånad. Eg likar ikkje så godt kulden lenger. I staden har eg fått gle meg, saman med mi kjære, over dagleg omgang med dei siste skota på familietreet.
Men februar kom med værbyte. I dag vakna eg til snøkvite marker. Og det kvite har helde fram med å dale ned utover dagen. Ikkje så mykje, men nokre elingar har det vore, med enkelte solglytt inn i mellom.
Ut på ettermiddagen sit eg ved vindauget og ser ut. Ein snøeling er i ferd med bli borte i austfjella, men ein ny varslar si kome med ein mørknande vesthimmel. Det på den tida då sola er ferdig med sitt lys for dagen. Brått opnar det seg eit hol opp mot det blå i sør, og i det holet ser eg sola stå over åskanten.  Det driv skyer, restar av elingen som var, over åsen, og sollyset teiknar ei mørk skuggerand i skyene, av trea oppe på åskanten. Og bak dei, høgre oppe, i det skarpe sollyset ser eg den svakare teikninga av trea oppe på åsen.  Så gøymer den komande snøelingen sola sitt lys, og alt mørknar av igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar