lørdag 16. februar 2013

Verdsens ende

Det gjeld kva vandringsvegar vi rekk å gå i sommar. Om det opnar seg rom for fjorten dagar med vandring i Spania? Det veit eg ikkje enno, men eg vonar på det.
Camino Inglès frå A Coruña og sør til Santiago er på plass, men det er på "berre" tre dagar. Her må meir inn. Og då er det vegen til verdsens ende som ligg nærast. Camino Finisterre, eller Fisterre som det heiter på galisisk.
Det var planen å nytte siste dagen i fjor haust til ein biltur dit, men den regna og bles vekk. Så då bør den inn på vandringsplanen.
Det er 87 km å gå frå Santiago og vestover til kysten og Finisterre. Det vestlegaste punktet på det europeiske fastlandet - seiest det. Vestanfor er det berre hav heilt til ein møter det amerikanske kontinentet.
Fire dagar skulle ein klare å gå det på, og då er første veka brukt.
Der er ein liten sidetur på 28 km nordover til Muxia. Der skal ein kunne sjå restane etter jomfru Maria sitt skip (?) Etter legenda kom Maria i eit steinskip hit til apostelen Jakob for å styrke han då han var misjonær her før han vart avretta i Jerusalem.
Om vegen dit kjem med, vert nok avgjort der og då, nå vi er på dei kantar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar