lørdag 9. februar 2013

Kva for ein camino?

Kvifor går du ikkje her i landet?
Det spørsmålet høyrer eg ofte, og svaret er ikkje alltid så enkelt å gi då der er fleire grunnar.
Eg har gått pilegrimsvegar i heimlandet og, om ikkje til Nidaros.
Eg har gått, og vonar å gå fleire. Det fremste ynskjemålet er til Selja og til Røldal. Og der er fleire andre, ikkje så lange, pilegrimsvegar som ligg på vent i mine draumar. Men den lange vandringa til Nidaros ligg ikkje på første plass. Det rimelege overnattingsnettverket her i landet er for dårleg utbygt, og i tillegg er det ofte for vått vær for meg. Og då vert det slitsomt med tunge motbakkar for denne vandraren.
Vandring i Israel /Palestine har og ein plass i vandringsdraumane mine. Og Italia. Men kva kan eg rekke over når eg er komen inn i siste fase i livet? Pensjonsalderen.
Så då vert det Spania. Der er overnattingtilhøva lagt godt til rette, og klimaet er stort sett varmt og tørt. Noko som høver meg særs godt.
Då står det berre att, utanom kva for eit tidspunkt, å finne ut  kva camino som vert førstevalget.
Dette kartet som eg fann på verdsveven syner alternativa mine. Den raude og gule caminoen, Le Puy og franskevegen gjekk vi ferdig i haust som var.
Den rosa Via de la Plata har eg lyst på, men sjølv om den  for det meste er flat, sidan den for det meste går over mesetaen, er den på 1000 km, og det vil ta meg 4 år à 250 km å gå.
Den blå, Camino Norte skal vere ein fin veg langs kysten, men den er på 825 km, så den vil og ta 4 år då den er mykje bakke opp og bakke ned.
Den grøne Camino primitivo (her kalla original sidan det var den opphavelege vegen i dei muslimske åra) er berre på 360 km mellom Oviedo og Santiago de Compostela, men her er det ikkje berre bakke opp og bakke ned, men den kryssar høge fjell mellom kysten og franskevegen. Og i fjella kan det vere langt mellom overnattingsstadar. Så sjølv om den er mellom dei vakraste med flotte utsyn, så.. ?
Så er det den portugisiske vegen. Frå Porto. Lenger sør mot Lisboa skal den vere slitsom, vert det sagt. 240 km . Det er overkomeleg. Omlag 10-11 dagar med vandring.
Vegen til verdsens ende - Finisterre -  tek 3-4 dagar å gå, medan  Camino Ingles mot nordspissen av Spania er på 110 km. Det er til Ferrol, og vil ta 5 dagar. Ei kortare engelskveg til A Coroña krev to dagar mindre vandring.
Men så har eg gått to gonger over Pyreneane utan å sjå anna enn skodde.Det burde eg vel rette opp. Og då er det to ruter. Den vi har gått frå St.Jean de Pied de Port til Roncevalles er over fjella i vest. I tillegg er der ein veg over fjella lenger aust. Camino Aragones. Den er på 60 km på fransk side opp til passhøgda, og så 170 km fram til franskevegen på spansk side.
 Og så er der komen til ein ny camino, Frå Burgos og sørover til Covarrubias der prinsesse Kristina er gravlagd. Kor lang den er veit eg ikkje, men den lokkar.
Så her er det berre å velje. Noko må eg sette strek over, det er heilt sikkert. Elles får eg ikkje gjer anna enn å gå resten av livet, og det har eg ikkje tenkt å gjer.
Ei røyst med i valget vil nok mi kjære og ha. Noko som er sjølvsagt. Kanskje ho set strek over alle mine draumar om meir vandring?
Eg har ikkje spurt enno.

1 kommentar:

  1. Å, eg tenkjer nok ho vil vere med deg på ny vandring!

    SvarSlett