torsdag 2. desember 2010

Vinterkald bygd

"Fager er bygda, og aldri såg eg henne fagrare", sa Gunnar frå Lidarende, i Njåls saga. Så snudde han hesten og reid heim att - og vart brend inne av sine uvener.
(Fager er lia, var vel det Gunnar sa, men eg tek meg fridomen til å omskrive Gunnar sine ord litt)


Eg har ingen vanske med å bruke Gunnar sine ord om at fager er bygda.
Men i desse dagane er ho i kaldaste laget. Og dei fleste som bur her må vere nøgde med sjå at sola er borte for dette året, og vert det til langt ut i januar.
Dei minkar solminutta heime i stova mi og, så derfor rusta eg meg ut med varmedress, bladvottar og hue ned over øyrene, for å auke mi kvote av solminutt denne dagen.

Eg har aldri gått opp den vegen på Mork og Vinjevoll, som Vassdragsvesenet har laga i høve flaumavskjeringskanalen der, så dit gjekk turen i dag.
Ovanfor bøgardane og dyrka marka kom eg opp i sola.
Der var fint å gå. Veltrakka sti vestover til Nausen, tydde på at det er mange som tek turen langs høgspentlinja. Lite snø, men og mykje glatt is som kravde varsame steg til tider.


Også avstikkaren mote bakken til Snøhaugen viste tydelege spor av mange føter.
Sjølv kjende eg på at motbakken kravde sitt. Kondisjonen kunne nok vore betre, men eg kom meg opp utan å ta pausar for å roe ned pulsen.
Då eg dukka over kanten til Snøhaugen, var der ei raudkledd med hund lenger oppe. Ho forsvann då blåkledde eg kom. Så eg fekk rå grunnen åleine, som det står i visa.

Sola hekk alt lavt over fjella i sør. Så Hovdebygda og Dalsfjordfjella i sør låg i det kalde skuggelandet.
Ein halv time seinare stod eg ved heimen og såg siste solstrålane slokne i skaret mellom indre og ytre Hovdeåsen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar