søndag 19. desember 2010

4. advent



I min barndomsheim stod der ein Jøtul-omn på bestestova.
Ein liten, svart omn som far pussa til kvar jul.
Når den på julaftan vart tend opp, så breidde det seg ein god og varm ange ut i den vesle stova. Og når den vesle grana var pynta, og far gjekk rundt treet og tende lysa på greinene, då visste eg at no var det jul.

Denne omnen hadde ei innskrift over omnsdøra. Eit sitat frå Håvamål;
"Eld på åren og sol på eng, gjer mannen fegen og fjåg."
Dette rann meg i minnet her eg sit i mi stova ein søndagsmorgon, 60 år seinare.
Ute lysnar det av dag etter ei kald og klår vinternatt.
Framfor meg lyser det frå elden på min åre, og morgonkaffien er komen i kruset.
Og medan eg sit her i stolen framfor elden på åren, med PC´en på fanget, og pikkar ned mine tankar med ein finger, kjenner eg meg både "fegen og fjåg".

Men det var fjerde søndag i advent eg hadde teknt å knyte nokre ord til, saman med dette fjerde biletet frå katedralen i Burgos.
Ei kvinne og mange born som lyfter hendene i glede mot noko der framme i lyset.
Og omkring dalande duer og varme hjarte.
Forventig.
Glede.
Varme.

Tekstene handla om han som kjem med godt bod.
Guds bodberar. Slik Johannes døyparen var det i si tid.
Eller englane på Betlehemsmarkene; "Sjå eg kjem med bod til dykk om ei stor glede. I dag er fødd dykk ein frelsar--"

Profeten Jesaja skriv:
"Kor fagert det er når han som ber gledebod, kjem springande over fjell, melder fred og ber god bodskap, forkynner frelse og seier til Sion: "Din Gud er konge!"
Det gjaldt den første jula, det gjeld i dag, - og det vil gjelde også den dagen då Han kjem att.
Den dagen då alle skal sjå at Han, og Han åleine er konge.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar