onsdag 25. august 2010

Virtue = dyd = dygd

Nokre dagar før eg - vi - skal ut på den fjerde etappa av vandringa mot Jakob si grav, burde det vere den nærliggande reisa og sekken sitt innhald og tyngd, mine tankar var opptekne av.
Jau, eg er nok der og, - men etter å lest ferdig Tom Wright si bok "Virtue reborn" er det dette "virtue" som svirrar i topploket.


Eg har nok under lesinga kjent det litt som på biletet over - ei vandring i skodde.
Virtue, seier ordboka mi, tyder dyd.
Men når vi tenkjer dyd, er det då ikkje på noko litt snerpete og trongt?
Men eg les Wright sitt virtue til å handla om etikk - moral - livsførsel, og då med kristent forteikn. Og ikkje i nærleiken av noko snerpete og trongt.


Men så er det at ordet dyd får ein bokstav til, ein g, og vert til dygd.
Forsåvidt er det vel det same som dyd, men hjå meg får det ei endra tyding i retning etikk og livsførsel.
Det norrøne ordet "dygd" tydde "å duge", og det latinske "virtus" tydde "styrke"
Platon hadde fire dygder; visdom, rettferd, måtehald og mot.
Gjennom kristentrua kom det tre dygder til, henta frå Paulus sitt korintarbrev. Tru, von og kjærleik.
Tidlegare vart desse sju dygdene kalla kardinaldygder.
Dei er er ikkje så mykje oppe i tida lenger. Kanskje vi skulle leite dei fram att og pusse støvet av dei?
Kan hende vi kunne hatt god bruk for dei på vår "farefulle og vanskelege" livsvandring mellom stadane med farleg kvikkleire?
Godt den trygge leia er godt merka.


Tom Wright tek med berre tre av desse kardinaldygdene. Tru, von og kjærleik. Dei er, seier han, gåver vi får når vi tek imot Kristus.
Desse tre dygdene ber knoppar på seg, knoppar som kan mognast til gode frukter i våre liv.
Paulus reknar opp ni av dei i brevet til galatarane. Kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin, og han kallar dei Andens frukter.
Men dei modnar ikkje av seg sjølv, dei må odlast fram i den enkelte sitt liv.
Øve, øve, jevnt og trutt og tappert, det er tingen, seier Wright.
Heilt til dei vert ein integrert del av den truande sin personlegdom.
Er det dette dei gamle kalla helging, eller helliggjørelse?
Kanskje kan ein og kalle dei vegvisarar som syner kvar vegen går for at den kristustruande kan nå fram til eit moge kristent liv?
Men sjølv om vegvisaren er tydeleg, treng eg ikkje å fylgje han. Eg kan gå min eigen veg. Men då vert kanskje ikkje Andens frukter mogne i livet mitt?

Eg har lest nokre bøker av Wright, og han har ikkje lete meg vere urørd av tankane sine.
Eg tek dei nok med meg til vandringsdagane under Spania sin solblå himmel.


Om den då ikkje vert som denne.
Grå, for det meste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar