lørdag 21. august 2010

Villgås

Er det ein lyd eg i all framtid vil knyte til dei tre vandringane i Frankrike, så er det lyden av duer.
Det må vere eit land som er svært glade i den fuglen.
Det flaug duer forbi, og det kurra duer heile døgnet.
Vi såg dueslag i mest alle hagar. Sjølv langt inne i skogholt var det laga dueslag høgt oppe i trea, med skilt på bakken der det stod; uroa ikkje duene under hekking.


Til ein annan fugl.
Villgåsa.
Den møtte vi på Iona.
På ei fane, og som eit merke.
Seinare har eg sett at i gamal keltisk kristentru, og i den nyvitaliserte, var villgåsa eit symbol for Den Heilage Ande. Ikkje dua slik eg har vore vand med å ha som eit bilete på den.
Kvifor dei valde gåsa har eg ikkje funne ut.
Var det kanskje fordi den var tilstades hos dei, medan dua ikkje var?

Eg las ein interessant tanke hos Ray Simpson, leiar av Aidan og Hilda-kommuniteten, (Eit økumenisk og verdsvidt fellesskap, grunna på keltiske trustankar, med base på Lindisfarne) som peikar på eit særdrag hos villgåsa når dei flyg i flokk. Då flyg dei i formasjon som ei pil.
"Når kristne prøver å flyge åleine - eller leve i åtskilde kyrkjesamfunn - misser vi krafta. Men når vi let Den Heilaga Ande føre oss saman, gir det kraft".

Dua flyg og i flokk, men mykje meir spreidd enn gåsa.
Kanskje kan villgåsa lære oss at sjølv om vi er i ulike kyrkjer, så treng vi å stå saman i eit nært fellesskap med kvarandre, og la oss leie av "leiargåsa", Den Heilage Ande.
Og at åleine vert vi svake og kraftlause. Vi kan verte som tamgåsa som har misst evna til å flyge.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar