torsdag 12. august 2010

Morgon ved fjorden


Ho kom sigane i går kveld, skodda.
Og i dag tidleg, då eg vakna av svevnen, låg ho framleis over bygda.
Men så byrja ho å lette på seg. Mot vest kom det fram blå himmel over fjord og fjell.
Så steig toppen av Storetinden opp av skodda i aust, medan bygda heimanfor framleis låg gøymd under det grå.
Men blå himmel bak Melshornet og lysare skyer der sola fekk tak, fortalde at endå ein solvarm dag var i emning.

Her eg sit på fjøresteinane og ser skodda vike for den varmande sola, går tankane mine til det som er kalla ei trusvandring.
Og då særleg mi trusvandring.
Frå ein liten gut som vaks opp i ei tid då vestlandsk pietisme, ein lutherdom med røter i svenske og reformerte vekkingsrørsler, stod sterkt.
Til eg i dag som ein eldre mann med grått hår i krans rundt ein veksande måne, står ein heilt annan stad.
Eg har vandra trua i etapper. Mest som om eg har gått ei trapp oppover, og denne trappa har hatt mange repo der eg har teke meg pausar i vandringa.

Kanskje kan eg likne desse pausane med denne morgonen. Det uklare og skoddegrå som eg har bala med, har klårna, og sola, lyset, har openberra for meg ei sanning eg har leita etter.
Men trappa fører vidare opp, nye spørsmål dukkar opp som krev sine svar, og når eg har kome til neste repo, har Anden opna endå ein skoddemorgon for meg.

Han har brukt ulike måtar på det. Bibelgruppa eg er med i, har vore ein slik måte.
Eg har fått prøve ut spørsmåla mine der. Til tider har eg nok vore både utfordrande og kverulantisk når eg har leita i skodda. Dei har nok av og til synst eg har vore vel mykje ”djevelens advokat”, men dei har vist meg tolmod og gitt meg korreksjonar når eg har rota for mykje.

Å få tillit til å vere prestevikar, har også vore eit steg på mi trusvandring.
Det å møte menneske i sorg og glede, og å måtte arbeide med tekstene for å kunne halde ei ”preike”, har gjort noko med meg som eg ikkje ville fått utan den erfaringa.

Det tredje som har ført meg oppover trappa på mi trusvandring er bøker.
Teologiske bøker.
Og det er ikkje berre lutherske. Her er alle kyrkjesamfunn med.
Dei har endra mitt syn på kven eg er og kven Gud er.
Og dei har opna andre sider av Bibelens ord enn dei eg før såg.

Så den vesle guten som vaks opp i vestlandspietismen har gått mange steg mot ei tru som framleis er rotfest der, men som gjennom trusvandringa har fått greinar som strekkjer seg langt bort om det eg vaks opp i.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar