torsdag 19. august 2010

Testing


Ein liten tur rundt Bjørdsvatnet i den milde sommarkvelden.
Nye sekkar er kjøpt og må testast ut.
Korleis kjennest dei ut på ryggen når dei har tilnærma den vekt dei vil ha under vandringa?
Og korleis er dei ulike reimane tilpassa ryggen på pilegrimen?
På vegen rundt vatnet vert erfaringar frå tidlegare vandringar delt.


Sola blir borte før vi er attende ved startpunktet, og det skymest mellom fjella.
I vest teiknar Saudehornet og Vassdalstinden sine skarpe profilar mot kveldshimmelen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar