onsdag 18. august 2010

Pilgrimen sine to stiar.


Eg er på Iona i Indre Hebridane.
På kyrkjegarden ved klosteret.
Harald Olsen er i gang med å fortelje om Dødens veg (vegen der dei døde vart førde frå båten ved stranda, og opp til grava som venta) og om alle dei som hadde vorte gravlagde der. Mellom anna 8 norrøne kongar og hovdingar.


Mellom gravene er der reist eit lite kapell.
Inne i kapellet lyser dagslyset opp noko blankt metall.
Ut mot meg funklar det i ein kross frå mørkret der inne.



Eg er i Cahors i sydvest Frankrike.
Eg har vore med under kveldsmessa for pilegrimar i den store kyrkja.
Det er kveld og sola er i ferd med å gå ned.
Inn det store rosevindauget i vestveggen fell dei siste solstrålane inn i kyrkjeromet.
Sakte flyttar dei seg mot høgalteret.
Så er dei der og solstrålen lyser opp krossen på alteret, før han sloknar og er borte.

Det er sagt at ein pilegrimsvandring, er ei vandring på to stiar.
Det er ei vandring i det ytre landskapet. Det landskapet augene ser og føtene kjenner.
Turisten si vandring.
Men det er og ei vandring i det indre landskapet. Det åndelege, mystiske, landskapet.
Det landskapet som sjela, ånda, sansar.
Pilegrimens si vandring.

Slik er det og med desse to krossane.
Dei var sansbare for augo, men samstundes hadde dei noko å gi på den indre vandringa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar