søndag 6. september 2009

Søndag



Og det er 10.ande dagen sidan dei gjekk laus på ribbeina mine med sag, og -- bretta meg opp for å utføre fire bypass på mine kransarteriar.
Eg byrjar å kjenne at; .. "det går betre og betre dag for dag".
Det vert lengre mellom hostekulene som slit meg sund, og eg klarer å vere oppe lengre stunder mellom kvar gong eg må finne sofaren si kvile.
Men natta er framleis lang. Å ligge på rygg heile tida er slitsom for ein som helst vil sove i sidelege.

Matlysta, som har vore på nullpunktet sidan operasjonen, har og byrja å kome att.
Og dei sju kiloa som eg fekk ekstra under operasjonen, var borte då eg steig på vekta i dag tidleg.
Og i dag er vi bedt på middag.

Søndag.
Det var opplett i dag tidleg, og sola kika fram i glimt.
Men no regnar det.
Hausten nærmar seg. Rognebæra heng raude på trea.
I dag var det gjennom radioen eg fekk vere deltakar i gudstenesta.
Det er jammen lenge sidan sist eg var det.

Men endå ein gong merkar eg at eg er under vandring.
Eg merkar at mine tankar i høve til preiketeksta har endra seg. Teksta var fortellinga om den miskunsame samartianen, og Jesus si samtale med mannen som utløyste fortellinga.
Ei fortelling som i all si enkelheit, ikkje er spesifik kristen.
Elsk din neste som deg sjølv, står det alt i den eldgamle Moselova.
Dei same tankane finn vi uttrykt i dei fleste relegionane på jord.

Vi er vandrarar på jord, vandrarar som er gitt ei tid å leve. Ei tid til å fylle med levd liv. Ei tid til å fylle med kjærleik.
Og likevel, om det er allmenne tankar, så er det også der vår veg som kristustruande er.
Og der er og Guds veg for oss.

Soninga er gjort. Den treng vi ikkje å gjer opp att.
Den er fullførd slik Jesus sa på korset. Og om vi ikkje aviser den, takkar nei, så får vi den gitt, gratis, av nåde, berre nåde.

Vår veg er å fylle verda med kjærleik, med miskunn, med varme hender og varme hjerter.
Ikkje i å bortforklare det i at dette er for stort eller for vanskeleg.
Eller at det er over evne. For det er det nok for meg-
Men så treng eg heller ikkje gå i eiga kraft, men i Hans kraft som fyller alt i alle.
Derfor burde det vere vårt einaste store program, kristen eller jøde, muslim eller buddist, hindu eller, ja same kva.
Å bere Guds kjærleik ut- vere Hans sendebod, kjærleikens sendebod-
Og i det skal vi prøvast, fortel ordet. Om vi var tru, i kjærleik.

Anne Magni formar denne tenesta i nokre få korte vers.
Om å vere ein vassveg.



Å få vere ein vassveg,
bera velsigning,
overflod og liv til verda.

Men for å føra vatn
lyt noko spas vekk,
slik at kjelda kan renne fritt.

Furer som livet har meisla inn
fyllest med signing og liv.

Å vera ein vassveg
i dei tørre tidene,
når slusene er stengde:
Vassvegen kan ikkje ha
for mykje vatn.

Å få kvile i deg, Herre,
når eg er ein tørrlagd vassveg,
vite at når tida er inne
skal du opne slusa:

Kjenne på draumen
om lauv og gras og steg langs vegen.

Gjer meg til ein vassveg, Herre,
fyll meg med ditt levande vatn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar