Søren sa:
"Tap for all del ikke lysten til å gå.
Jeg går meg til det daglige velbefinnende
hver dag, og jeg går meg fra hver sykdom.
Jeg går meg til mine beste tanker,
og jeg kjenner ikke en tanke så tung at
man ikke kan gå fra den.
Når man slik fortsetter å gå, så går det nok."
Denne Søren som sa dette var den danske filosofen Søren Kirkegaard.
I dei velmeinte, og sikkert gode råda eg fekk etter operasjonen, hadde det å gå. første plass.
Gå!
Eg må desverre sei at motivasjonen er ikkje alltid like høg når pusten går som ein blåsebelg, og føttene subbar etter vegen.
Det kjem for meg dagen etter stormregnet i Le Romieu i sommar.
Då vi gjekk gjennom den finsila leirjorda som endå var våt av regnet, og føtene var tunge å flytte grunna all jorda som hekk fast på dei.
Men så får eg vel tru at sjølv om nokre dagar kjennest slitsomme, så går det likevel framover. Og ein dag er forma der, betre enn ho nokon gong var.
Det gled eg meg til.
Hei Bodil og Harald :0)
SvarSlettHar følgt med vandringa dokka i Møre Nytt og no også i bloggverden:0) Kjempekoseleg side og hyggeleg lesing:0)) Ha ei flott veke.
Stort smil frå Lill