onsdag 12. mars 2025

Mi sorg er lys

I går kveld var eg, saman med mange andre, i kyrkja og høyrde Geir Gundersen  fortelje om då han miste kona si til kreftsjukdomen.Noko han har skrive om i boka : Mi sorg er lys.

Det er ikkje så mange dagar sidan det var tre år sidan at mi kjære Bodil og fekk heimlov frå krefta som herja kroppen hennar.  
Og i går kveld sat eg i kyrkjebenken og tenkte på den siste tida vi fekk saman før ho vart henta, og på mi sorg gjennom desse tre åra.
Vi skulle møtast sa ho. Det var ikkje tilfeldigheiter som førde oss saman. Det var slik bestemt. Og mange gode år fekk vi saman før sjukdomen råka henne.

Visst var det sårt og vondt å misse henne. Det har nok runne nokre tårer i desse tre åra. 
 Men der er ei glede , og ei takksemd over den kjærleiken ho gav meg, og som eg fekk gi henne gjennom alle dei åra vi fekk ha saman. Eit lys, og ein varme som overstrålar den såre sorga. 
Så der eg sat i kyrkjebenken måtte eg og erkjenne; mi sorg er lys.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar