torsdag 13. mars 2025

Og vinden stryk ut dine far ...

Olav H.Hauge har tre små vers  om å setje far, nokre få ord som har gtt meg mange tankar når dagen sine skumringstimar kjem og det mørknar ute. Kanskjer det er Geir Gundersen sine ord om at sorg hans er lys, frå ein tidlegare kveld er ei årsak til at Hauge sine ord dukkar opp for meg denne kvelden
Din veg.

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende, 
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du 
skal gå han. Og det er 
uråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen , 
du hell. 
Og vinden stryk ut ditt far 
i aude fjell.

Eit minne dukkar opp, frå den gongen vi var busspilegrimar på keltisk mark. Iona var vitja, indre Hebridane, Skotland var kryssa og  no stod ei vandring til Lindisfarne for tur.
Det var fjøre sjø då vi skulle gå over til The Holy Island på sjøbotnen. Ved flo ville vegen vår ligge under djupt vatn. Om vi var undervegs nå floa kom, så var der nokre redningsstadar på høge stolpar som vi kunne søkje tilflukt på til neste lavvatn kom om nokre timar.
Men skulle vi over til øya var det berre ta av strømper og sko og byrje å gå over den våte og leirete sjøbotnen. 
Når eg såg meg attende, såg eg fara etter føtene våre på den blaute sjøbotnen. Far etter nakne føter  i leira. Det var ikkje rette far, dei gjekk litt hit og dit, med nokre stogg inn i mellom.
Då rann det meg tankane at dette var kortvarige far. Dei ville ikkje vare lenge, ved neste flo ville dei verte vaska ut, og ved neste fjøre ville ein ikkje kunne sjå at her hadde ein pilgrimsflokk frå Norge gått over til Lindisfarne. Fara etter oss var for alltid vaska vekk.
Eg står ved eit gravminne. Det er mi kjære sin lekam som vart lagt ned der for tre år sidan.
Ho bar med seg mange minne frå sitt liv.  Minne som vart vaska bort då ho døydde, minne om famile nord på Helgeland og i USA og Canada. Minne om vener og kjende ho hadde hatt.  Nokre vil enno leve ei tid hjå meg og våre born, men ein dag er vi og borte, og med dei våre spor.
Det same gjeld meg og. Eg  minnast så vidt min eine bestefar, og ei av mine bestemødre.
Men ein dag kvilar og min lekam ved sida av mi kjære under eit gravminne. Minnet om meg vil nok leve vidare nokre år hjå mine born og neste generasjon etter dei. Men ein dag er og  mine spor borte, vaska vekk av tida, slik våre far på fjordbotnen over til Lindisfarne vart vaska vekk av neste flo
Så derfor nokre ord av Piet Hein:
Hugs å elske mens du tør det, 
hugs å leve mens du gjør det.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar