søndag 9. mars 2025

Fastetid

Vi har byrja på dei 40 fastedagane  fram mot påska, og teksta i kyrkjene i dag var om Jesus si siste tunge natt i Getsemane. Då eg sat i benken under gudstenesta dukke det opp i minnet ein song/ salme eg fekk vere med å synge i kyrkjekoret i si tid. 
Ein song som alltid rørte meg på djupet.
Med tekst og tone frå to menn ifrå nabobygda. 
Tonen er Sivert Geitvik sin,  frå 1935. Teksta er prost Johannes Barstad si frå 1893
Ein salme som Sunnmøre kr. Mannskor og har gjort vide kjent. 

Fastetid

Stille, stille! Jesus lider, 
blodet brenn, og sjeli kvider, 
det er fastetid !

Pinfult er kvart steg han stiger, 
trøytt og sår han saman siger 
i den store strid.

Bleik og blodut, spotta, slegen 
gjeng han lydig pinsle-vegen 
for den vonde verd.

Klungerkrynt han tolsamt gjenger, 
nagla til eit kross han henger, 
medan verdi ler.

Understore guddoms-kjærleik, 
lat meg kjenna i din nærleik 
varmen av din eld !

Lat meg deg i hjarta hysa, 
så du kan på vegen lysa 
meg til siste kveld !


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar