fredag 7. april 2023

Langfredag 2023

Ein solrik Langfredag i indre Sogn med gudsteneste i den gamle stavkyrkja. Men pasjonsgudsteneste vart det ikkje sidan to born skulle døypast i gudstenesta. Då samla prestevikaren heile påska under eit , frå palmesundag til oppstoda første påskedag.   
Det er ei oppleving for meg kvar gong eg vitjar den gamle kyrkja oppe bakken over Kaupangerbukta.
Reist som ho vart på 1100-talet, ein gong etter sjøslaget på Fimreite. Då tok kong Sverre hemn over bøndene som hadde drepe lendmannen hans, og Sverre sine menn brende kaupangen inne i bukta. Truleg vart også kyrkja som då stod der elden sitt rov. Den noverande kyrkja, som er den tredje på staden, vart reist etter det. Kyrkja har vorte utvida nokre gonger gjennom århundra så i dag er ho mellom dei største stavkyrkjene vi har. Noko som ho er åleine om er dekoren på veggane i skipet, der det er måla notar til ein gamal salme.
Då dei undersøkte grunnen under kyrkja fann dei under branntomta etter dei tidlegare kyrkjene nokre graver der beina vart datert til 800-talet. Så når kom kristendomen til landet? Tidlegare enn vi trur?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar