torsdag 6. april 2023

Fet kyrkje

Kyrkjer eg ikkje har vore inne i før er alltid spanande å vitje. I dag på Skjærtorsdag kunne eg krysse av for ei ny. Sidan der ikkje var gudstenester i nærleiken av Kaupanger, vart turen langt til Luster kommune og Fet kyrkje i Indre Hafslo. Ei kyrkje frå 1894, høgt oppe i bakkane over riksvegen inn mot Gaupne.
Vi var av dei første som steig inn dørene, og då ho som tok imot oss såg at eg tok fram mobilen for å ta bilete, skunda ho seg fram og beordra bort nokre karar som stod framme ved koret. Berre presten vart ståande att i samtale med kvinna som drog trekkspelet, og var forsongar til salmane.
Altertavla var frå den tidlegare kyrkja  og var ei katekismetavle der dåpspåbodet, Fader Vår og teksta om nattverden stod å lese. Presten Bård Valle leia gudstenesta, og heldt preika. Etterpå var kyrkjelyden nyfikne på kven desse to framande var. Var dei turistar,  eller? Og kven vi var måtte vi då fortelje.
Etterpå tok vi turen opp på ein ny haug eit par kilometer nærare fjorden. Der låg Joranger kyrkje med eit vidt utsyn over Lustrafjorden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar