onsdag 22. februar 2023

Telt

Når vi les vidare i Johannes evangelet 1.14 finn vi og i den greske teksta eit ord som vi ikkje finn i nokon av  våre Bibelar. Det er ordet telt.
På gresk står det; kai eskenosen en hemin, og på vårt mål, ord for ord, vert det; [ordet vart kjøt] og telta mellom oss. Og her er det teltet som vert borte i våre omsettingar, for omsetjarane nyttar andre ord her,; ord som at han tok bustad mellom oss, eller som ;, slo opp sin bolig mellom oss, eller,: bodde iblandt oss,
Teltet høyrer til ei anna tid til, ei tid utan fast bustad, det er folk som fylgjer sine vandrande dyreflokkar som har det flyttbare teltet som bustad. 
Kan det nyttast i vår tid med faste bustader, vi som bur i landsbyar og byar ?
Jødane held framleis telttradisjonen ved like i det enkle teltet som vert reist under lauvhyttefesten. Til minne om deira vandring dei 40 åra i øydemarka.
Men telt finn vi tidleg i sentrale tekster. Abraham budde i telt og Moses fekk på Sinaifjellet påbod om å reise eit møtetelt mellom folket.  Det vart Tabernakelet der Jahve møtte folket gjennom å stige ned i  teltet i form av ei sky. Tabernakelet fylgde dei heilt til kong Salomo reiste det faste tempelet på Sionshøgda i Jerusalem. Då det vart vigsla flytta og skya frå det flyttbare  tabernakelet, over til den nye møtestaden, det faste tempelet.
Eg tenkjer , trur, at Johannes brukar teltmetaforen for å fortelje kven han var Han som då han var  i Guds skapnad  ikkje heldt det for eit ran å vere Gud lik, men som gav avkall på sitt eige og tok på seg ein tenars skapnad og vart menneske lik, slik Paulus skriv om i Filliparbrevet
Og kva misser vi når teltmetaforen er borte frå teksta?  Teltet, møtestaden mellom Jahve og folket, Han som kom, han er møtestaden, tabernakelet, der Han som er Gud møter oss.
Men vi kan finne også ein annan teltmetafor. 
Eit telt har ikkje nokon  fast stad, det er flyttbart. Og legg vi til tre små ord som er nødvendige i samband med telt så får vi fylgjande; å slå opp sitt telt, og å rive sitt telt. Eit telt står ikkje evig på sin plass, det vert reist, og etter ei tid teken ned at for flytting.
Og det skjedde med han som tok på seg ein tenars skapnad og vart menneske lik.
Han tok på seg ein tenars skapnad ved sitt første andedrag i Betlehem, og avslutta den gudgitte tida då han vel 30 år seinare gav opp sin ande på krossen. 
Eller for å vere i teltmetaforen. Han slo ned sine teltpluggar i Betlehem, og drog dei oppatt på Golgata då han sa, Det er fullført  - og gav opp anden og døydde.
Han var her nokre dagar etter Golgata, men då var han ikkje lenger i tenaren sin skapnad, han var ikledd ein ny skapnad. Den vi som døyr i han eingong skal få.
Det er mine tankar som eg trur at teltmetaforen som Johannes brukar her i det 14.verset er bevist brukt for å fortelje oss kven han var, kven han er, han som kom og reiste sitt telt i mellom oss


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar