søndag 3. januar 2016

Så kom kulden

I dag vakna eg til klår himmel og kuldegrader. Det har det ikkje vore så mange dagane av dei siste vekene av året som glei over i soga. I motsetning til kulde har vi hatt nærast sommarvarme. Over 15 varme grader målte vi ein dag i året sin siste månad. Og det skal eg ikkje klage på. Men sola som skulle gi oss eit glimt  av seg på den fyrste dagen i det nye året, fekk ikkje sleppe til. Ho måtte vente til i dag med å lyse inn i vår stove.  Ni minutt var det ho fekk i dag, men det vert meir i morgon, om vi får sjå den. Men eit lite varsel fekk vi og den fyrste dagen. Ei rift i skyene synte oss kvar ho var, då ho sende sine lysstrålar inn mellom dei grå, som ei lita helsing inn imot kvelden.

 
Son min gav meg ei nettadresse der eg kunne fylgje med på vind, nedbør og temperatur på denne vesle kloda vår. Det har eg funne interesse i, Især det som høyrer den nordlege Atlanteren til. Så no prøver eg meg på å spå været, eg og, til liks med værmeldarane på fjernsynet. Eg har sett korleis lavtrykka og stormane har kome over havet frå vest, og sendt varme luftstraumar inn over landet vårt, ja, heilt opp til nordpolen. Medan landa vest om havet har fått merke kaldare luftstraumar frå nord. Snø i Mexico las eg. Men no er det slutt for oss og. I alle fall for nokre dagar. For no er det kalde luftstraumar austanfrå som strøymer inn over oss. Heilt ned til Svartehavet og Tyrkia er landa farga blå, og ikkje varme gule. Men mi kjære som heller vil nytte almenakka og månefasane, trøystar meg med at det varer ikkje så lenge. For komande nymåne og fullmåne varslar syd, sydvestlige vindar om ikkje så veldig mange dagane. I fall det slår til, får vi nok skyer og gråvær att, og varmare vindar. Då er det berre å nyte klårværet enn så lenge, --- og kle seg for kulden som fylgjer med. Og sola ho stig for kvar dag.


2 kommentarer:

  1. Hei, og Godt nyttår.
    Ein interresant blogg!
    Kom inn på bloggen din då eg søkte etter
    Kyndelsmesse. Vi diskuterte tjuendedagsjul,
    og Kyndelsmesse mellom anna.
    Og -
    til biletet ditt her passar teksten
    som stod på ei handlaga lyslykt eg fekk frå Lofoten:
    "for lyset skal mørket alltid vike."
    Frå Sørvestlandet. Rogaland

    SvarSlett