mandag 18. januar 2016

"Alnakka"

For nokre dagar sidan skreiv eg noko om det komande været, etter moderne værspåingsmetodar, kontra å spå etter almenakka som mi kjære gjer.  3.januar sa ho at 10.januar er nymånen i nord/nordaust, og då vert det mest truleg kaldt og snø. Eg såg på mi værside på nettet, og var ikkje heilt sikker. Rett nok synte prognosane at kjølegare vær ville kome, men samstundes trykte mildare sørlege vindar på vest frå, og eg meinte at dei ville presse bort dei kalde nordfrå. Vel, eg fekk ikkje rett, det gjorde ho. For det var dei kalde vindane frå nord og aust som vann, dei milde stansa opp midt ute i Atlanteren. Og vi fekk prøve minusgradene, om ikkje så mange dagane. Og snøfresen har eg og fått starte nokre gonger, omlag 30 cm snø er kome her hos oss til no. 
Men sola stig for kvar dag, når vi får sjå den då. Frå 1 januar til i dag har soltida auka frå 0 min. til 4 timar inn våre stoveglas.
No til kvelden er det snøfnugg i lufta att. Yr melder at vi skal få ein del av det kvite både i natt og i morgon. Så spørst det berre om kor mykje som kjem hit av det, eller om fjella tek av for oss som ligg i le for nordavinden.
Men så ser det ut at mi kjære med almenakken igjen får rett når ho ved nyårsskifta sa at fullmånen den 24 januar kjem i sør/sørvest, og då vert det mildarte vær att. Og værnettsida eg fylgjer med på fortel det same. Mildare vindar er på vest austover inn mot våre kystar. Kanskje almenakka ikkje er noko å kimse av?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar