søndag 17. januar 2016

Antonmesse

I dag, 17.januar er det ein av dei gamle kyrkjedagane, som no berre lever sitt liv på primstavane.   Antonmessa til minne om Antonius den store. Anton er ei forkorting av det greske Antonius. Han levde på 300-talet i Egypt, og vert rekna som grunnleggaren av klosterrørsla, og han fekk stor verknad i både austleg og vestleg kyrkjeliv. Då foreldra døydde arva han mykje midel, men ved eit ord av Jesus, gav han bort alt og søkte ut i øydemarka vest om Nilen som einebuar. Han prøvde og ei tid å verte martyr, men lukkast ikkje og drog igjen ut i øydemarka der han levde resten av sitt liv. Om ikkje i vårt land, så finn vi lenger sør mange kyrkjer som er vigsla til St. Anton.
Eg har tidlegare, etter ein tur til det keltiske Skotland, skrive litt om påverknaden frå han i keltisk kristenliv, som i sitt klosterliv hadde tydelege egyptiske straumdrag.


På slutten av sitt liv fekk han høyre om ein annan eremitt som levde i øydemarka mellom Nilen og Raudehavet, Paulus frå Teben.  Antonius sette seg føre å gå for å finne denne Paulus, og etter mykje strev lukkast han med å møte Paulus i ei hole i øydemarka. Der hadde Paulus levd i mange år, og maten hans hadde vore palmene sine frukter. Men etter nokre år byrja ein ramn dagleg å kome med eit halvt brød til han. Då Antonius dukka opp og vart gjest hjå Paulus, så byrja ramnen å kome med eit heilt brød som dei to delte mellom seg. Det motivet der ramnen kjem med brødet til dei to er nytta i mange høve. Både som her der ramnen er med , men og der dei to held i kvar sin ende av brødet for å dele det. I Keltiske område finn ein det fleire gongen på dei gamle og store steinkrossane. Her er det brukt på ei St. Antonius kyrkje i Nederland, som tympanum over inngangsdøra.
St. Paulus av Teben hadde sin minnedag for ei veke sidan, 10.januar.

Der skal vere ein vandringsveg inn i øydemarka til klosteret etter St.Paulus av Teben, den vegen som Martin Lønnebo gjekk for nokre år sidan. Den hadde det vore interessant å gå, men det hadde nok vorte for tøft for denne gråhåra vandraren. Eg bør nok halde meg til enklarte og lettare vandringsvegar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar