Medan det på slutten av 2015 var sørlege og varme vidar som strøymde innover kystane våre, kom 2016 med eit værbyte. No er det nordlege og kalde vindar som har herredøme hjå oss. Og i dag vakna vi til snø i lufta Så mykje vart det ikkje, 20 cm, før snøbyene vart borte og det klårna opp. Og då sakk og temperaturen . Etter fleire dagar med temperaturar rundt 0, gjekk gradstokken raskt nedover mot kvelden. I skrivande stund er han komen ned på -6. Og kaldare skal det verte lovar værmeldarane på YR. Så mi kjære får nok litt arbeid med å passe på at småfuglane finn næringsrik føde no når det skal verte kaldare. Snøen på rekkverket syner at dei har vore på flittige vitjingar der maten er å finne. Mest blåmeis, kjøtmeis og gråsporv, men og raudstrupe og svarttrost.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar