lørdag 2. august 2025

"Sukk"

I jula hadde eg eit fall under vitjinga hjå mi eldste dotter. Vel heime i romjula vart det vitjing hjå doktor som igjen førde til nokre dagar på nærsjukehuset der hjartet mitt stod i fokuset. Og når nyåret var over fekk eg  på sentralsjukehuset innlagt eit lita databrikke i bringa for å overvåke korleis hjartet mitt fungerte.  - og med seks månaders karantene for bilkøyring.  Har eg merka noke hjarteproblem desse seks månadane  ? Nei, ikkje i det heile, og det er då positivt.  Positivt har det og vore at born og gode frendar har gitt meg skyss når eg har hatt trong for det. Og at eg i desse vekene utan førarkort har fått nytte apostlane sine hestar i større grad enn før, må og kome ut på den positive sida.
Men når no dei seks månadane er over, er eg ikkje like nøgd med situajonen. Eg vil gjerne få løyve til å setje meg bak rattet igjen, men nei. Det er ikkje så enkelt.
To gonger har eg vore med lege for å få helseattest for fornying av førarkortet, som gjekk ut i karenstida. Men nei, det kunne han ikkje gje meg. Han hadde ikkje fått melding frå sjukehuset på at han kunne gje meg det, sjølv om eg, atten dagar over karenstida fekk telefon frå sentralsjukehuset på at alt var i orden og eg kunne byrje å køyre att.
Etter kontakt med sjukehuset fekk eg til svar att det var ferietid, men legane skulle sjå på det når ferien var over, og august hadde byrja. Men mi sak låg nok inkje øverst i bunken. Og når dei hadde gjort sitt, så var det  legane på lokalsjukehuset som så ville ta kontakt med meg, men heller ikkje der ville mi sak  ligge  først i bunken. Og når dei med tida hadde hatt eit møte med meg og gitt meg resultatet av dei seks månadane, så ville dei sende resultatet til min journal hos fastlegen.. Då først kunne eg kontakte han for å få min helseattest, med vona om å få fornye førarkortet mitt, og kunne setje meg bak rattet i min eigen bil att.
Då hadde det vore fint om eg kunne gått inn på mi side i Helsenorge og få sjå når fastlegen hadde fått meldinga inn på min journal, men nei, det går ikkje,  for HelseMidt gir ikkje tilgong til pasientane sine journalar, slik dei andre helseområda gjer.
Seks månader køyrekarantene fekk eg. No har eg byrja på den åttande månaden og framleis veit eg ikkje kor lenge det skal gå før eg igjen har eit gyldig førarkort. Sukk. Er det dette ein kallar byråkrati ?

.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar