søndag 17. august 2025

Kjente jeg deg?

I dag skulle eg feira mi kjære sin 78års dag, men no er det alt 4. året sidan ho gjekk bort av krefta ho vart råka av.
Ho var ung då vi vart eit ektepar
Ho mangla nokre få dagar på å fylle 18 då ho stod brud i Veøy kyrkje, og tidleg vart ho mor.
Men ho hevda alltid at vi to var meint for kvarandre, sjølv om nok ikkje alle dagar i samlivet var like enkle å handtere. Tidleg mor, dårleg økonomi dei første åra,  og den utdanninga ho hadde ynskt seg, fekk ho ikkje.  Men aldri høyrde eg henne klage. 
Det er med ei  djup takksemd  eg sit att etter samlivet med henne som var meg så kjær.
Likevel, det står ikkje til å nekte for at sidan ho gjekk bort, så har eg ofte granska mi rolle som hennar make i dei åra vi fekk saman. Ofte er det i netter når svevnen let vente på seg.  Det er nok ikkje alt eg kan rose meg av overfor henne, desverre. Der er nok mykje som skulle vore usagt og ugjort. Men som Arnulf Øverland skriv i sitt dikt. Ei hustavle. 
Der er en sorg i livet som inger tårer kan lette. Det at det var for sent da du skjønte dette.

Og her er det Rolf Jacobsen set ord på noko han kjente på då hans kjære Petra gjekk bort. Og som eg kjenner meg att i når eg i stille stunder minnast henne som gjekk bort i 2022, men som framleis er mi kjære Bodil.

Kjente jeg deg
egentlig. Noe
du aldri  fikk sagt
eller, vi lot ligge. Halv-
tenkte tanker. En skygge
som strøk over ansiktet.
Noe i øynene. Nei 
jeg vil ikke tro det. Natten
har ingen lyd. 
Bare rare tanker. Ord
som stiger opp av søvnen:
Kjente jeg deg 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar