Møre og Romsdal har 3 stavkyrkjer, av dei har Nordmøre 2 og Romsdal 1. Og den eine er Rødven stavkyrkje. Der var vore to tidlegare kyrkjer før den som no står på kyrkjestaden ved Rødvenfjorden. Ei frå omlag1100-talet og ei frå omlag1200-talet, som så vart vølt og utvida omlag år 1600. Og i 1907 kom der ei ny kyrkje, og den gamle gjekk ut av bruk for kyrkjelyden.
Og no i slutten av juli fekk eg gleda av å vitje den siste av fylket sine tre stavkyrkjer. Grip og Kvernes hadde eg gleda av å vitje i fjor sommar.
Innvendig er kyrkja prega av at ho har vore ei luthersk kyrkje soknekyrkje sidan reformasjonen vart innført i landet av den danske kongemakta på byrjinga av 1600-talet. Der er lite att av hundreåra som katolsk kyrkje, men svært interesant å kome inn i den og oppleve korleis det var i dei gamle kyrkjene. Små, mørke og lavt under taket. Og kjenne på det omskiftet det måtte vere for kyrkjelydane å få kome inn i dei nye, lyse og høgreiste kyrkjene som kom utover bygdene på 1800-talet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar