tirsdag 5. august 2025

Lærdom

5.august. Tja, kva skal ein seia til det?
I dag byrjar eg nedtellinga på mitt 84. år, så får eg med tida sjå kva det fører med seg.
Kanskje er det på slike dagar at livet, og erfaringane frå dei mange dagane og åra før, får lov å melde seg på. Ein kan ikkje gjere noko med dei. Dei står der i minnet, både det gode og det vonde som eg gav,  og fekk.
Eg har, sidan unge år, bore med meg visdommen i Arnulf Øverland sine tre vers, som han kalla Hustavle.

Der er en lykke i livet
som ikke vendes til lede
Det at du gleder en annen
det er den eneste glede.

Der er en sorg i verden
som ingen tårer kan lette.
Det at det var forsent
da du skjønte dette.

Ingen kan resten av livet 
stå ved en grav å klage.
Døgnet har mange timer.
Året har mange dager.

Eg kom over nokre vers av Alf A Sæther som er inne på noko av same livserfaringa, livsvisdommen. Det tek eg med meg inn i dagane framanfor, når eg skal telje ned dei 365 til neste årmålsdag.

Så får roden på himmelen vi fekk her ein kveld,  stå og lyse over desse orda.
Og minnet om henne eg fekk dele dagar og år med, få ungdoms dagar til dei gråe hår.

Å elska 
er å vere stille
nesten heile tida
og ha varme hender.

Å elska 
er ikkje å vakta,
men å sjå ein annan veg
til rett tid.

Snakk ikkje om ekstasen
når du meiner 
kjærleiken.
Dei bur på kvar sin stad
og møtast
skjeldan.

Snakk heller 
om å gå til fots
gjenom ti tusen kvardagar
og aldri halda opp
med å vera den rette.

Å elska
er å tenna lys
og tørke tårer,
natt og dag.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar