søndag 1. juni 2025

Slik går no dagane

Jon Fosse fortel i Septologien om Asle, at han ofte sat i stolen sin framfor vindauget og såg utover fjorden mot medet sitt der ute, og då  kjente han ofte på seg at Ales, kona hans som døydde frå han så alt for tidleg, sat der i stolen sin ved sida hans. Og då var ho nær han, og i tankane samtalte han med henne.
Kanskje  er det mange som har det slik som Asle, som har vortne åleine, og som har eit med der ute å feste augene på, og så, ei lita stund, la tankane og saknet føre den kjære nær igjen.
Det er nok ikkje berre Asle, og eg, som er der. Men mitt med er ikkje ute i ein fjord ein stad. Mitt med er eit fjell ute i synsranda. Eit fjell som endrar seg etter årstidene sine skiftingar, og døgna sine værendringar. Stundom gøymt i skodde og regn, andre dagar i bjart solskin.

Så sit eg i min stol og ser mitt med langt borte, kanskje med litt roleg musikk i bakgrunnen. Då sviv tankane lett avgarde. Mange ulike tankar kan då dukke opp. Også tankar frå mitt lange samliv med mi kjære.
Eit samlivet som eg no sit åleine att etter. Det var nok ikkje alle dagar som var like, men gleda over å vere to batt oss saman, trass i at vi hadde mykje å lære då vi som pur unge byrja på vårt samliv. Så vaks fellesskapet for kvar dag og vi kom  stadig nærare kvarandre for kvart år vi fekk saman.
Og eg trur at ho er her med meg. Om eg ikkje ser henne så er ho nær meg her eg sit i stolen min og ser bort på medet mitt, langt der borte i det fjerne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar