Desse orda er henta frå pave Frans sin sjølvbiografi, slik eg fann dei i den katolske kyrkja sitt magasin St. Olav.
Omsettinga til nynorsk er av meg.
Eg er berre eit steg.
Kyrkja har alltid ei framtid.
Det underlege er at Kyrkja har røtene sine fortida. I den levande Kristus som levde i si eiga tid, og i hans oppstode. Men at den og har røter i framtida, i Kristi lovnad om at han framleis vil vere med oss til tida sin ende. I den lovnaden ligg Kyrkja si framtid.
Vil den verte forfylgd? Det har den vorte så mange gongar. I nokre tilfelle ikkje utan grunn - fordi den hadde vorten for prega av denne verda. Andre gongar utan grunn - mange martyrar var slett ikkje opptekne av denne verda. Og idag er det altfor mange martyrar som vert drepne eine og åleine fordi dei er kristne. Sjølv i vårt 21.århundre er vår kyrkje framleis ei martyrkyrkje.
Kyrkja vil gå vidare. Eg er berre eit steg i kyrkja si soge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar