lørdag 31. mai 2025

Mitt liv

Av natur er eg nok av ei litt følsom natur. Eg kan verte litt tjukk i halsen og få vassflogne auge når tonar, song, og ord rører meg. Noko som ofte hende meg den tida eg var tenor i kyrkjekoret. Då var det berre å mime litt til eg fekk kontroll over kjenslene som tok overhand. Verre var det i den tida eg var lek gudsteneleiar, og kjenslene braut fram av mine eigne ord i preika, med det resultatet at orda vart borte i ei grøtet røyst.  Eg har ofte misunt dei som ikkje har ei slik plage, men som tilsynelatande har alt under kontroll.
Men kanskje er plaga med på å gi meg opplevingar eg ikkje hadde fått om eg alltid hadde full kontroll over dei kjenslene på djupet i meg som eg ikkje har full kontroll over. Kjensler som uventa kan bryte ut i tjukk hals og tårevåte auge.

To gonger i Israel vart eg overmanna av slike uventa kjensleutbrot. Kanskje var det den aktuelle staden og bakgrunnen som utløyste det uventa. Eller var det noko som ofte vert kalla paranormalt ? Det var i alle fall ingenting i meg som skulle tilsei kjensleutbrotet.
I Jerusalem nede i Kedrondalen ligg der ei kyrkje som er kalla Alle Nasjonars Kyrkje, ved sida ligg Getsemanehagen med sine gamle oliventre. Vi hadde vandre vegen ned frå Oljeberget og var komne inn i kyrka. Der var det lyst som ei fullmånenatt. Eg nytte høvet til å ta nokre bilete før vi skulle ut i dagen att. 
Den store alterringen var kledd med tornar, og på andre sida av den var ein prest igang med ei messe for ei anna turistgruppe. 
Eg får vel knele ned å be ei stille bøn før eg går ut i dagen att, tenkte eg. Men eg hadde ikkje før knelt ned før eg var borte. Ei djup sorg overmanna meg og tårene berre rann. Kor lenge eg låg der veit eg ikkje, eg kom ikkje til meg sjølv før mi kjære tok meg på skuldra og sa eg måtte kome, dei andre venta på meg. Dei ville vidare opp mot Løveporten og inn i Jerusalem. Då eg reiste meg opp forsvann sorgkjensla like brått som ho kom. Eg har vore inn i kyrkja sidan og, men den opplevinga har eg aldri fått igjen.

Det er år sidan no, men vi såg hendinga på fjernsynet då Rabin og Arrafat tok kvarandre i handene framfor Det Kvite Huset i Washinton med Clinton som tilskodar. 
Kanskje kunne det ha vorte spiren til ei fredelegare framtid for Israel og Palestina. Men slik vart det ikkje. Vel heime igjen vart fredshåpet knust då  Rabin vart skoten av ein ung israelar. 
Eg var saman med ei gruppe seinare same året og vi vitja Yad Vashem, minnehalla for dei millionar som miste livet i Hollokost. Den store halla der bålet som aldri sloknar, brenn midt på golvet, taket med tusen stjernene, og høyrde røysta som las namn etter namn på dei som gjekk døden i møte i dei fem åra.
Namnet Yad Vashem er henta Jes.56.5. - dei gir eg "eit minnesmerke og eit namn " i mitt hus og på mine murar.
Etterpå vitja vi gravstaden der Rabin var gravlagd. På steinen var der etter jødisk skikk lagt nokre, ikkje blomar men små steinar. Blomar visnar men steinane er evige,  er tanken bak steinane. 
Med attentatet i friskt minne kom eg på at også eg skulle legge ein liten stein på gravstøtta.  Og også denne gongen vart eg råka av ei sorg eg ikkje skjøna kvifor. Eg hadde då ingen grunn til å kjenne på ei sorg der. Ein jøde kanskje, men ikkje eg, ein kristen nordmann.
Var det ei ubevist kjensle av eit øydelagt fredshåp som låg i grava, At vegen framover bar med seg meir fienskap og meir vold?
Eg kunne i alle fall ikkje sjå føre meg det vi har sett sidan 7.oktober, og den israelske hemnkrigen i Gaza. 
Og i dag les eg at den israelske regjeringa skal opprette 22 nye busetnader på Vestbredden. Målet ser ut til å vere bort med palestinarane. Sanneleg, det var grunn til tårer ved Rabin si grav.

Mange legg skulda på Israel for den ulukkelege situasjonen som denne vesle landstripa innst i Middelhavet er hamna i. Men då ser ein bort frå PLO og seinare Hamas si rolle. Hadde dei valgt samarbeid istaden for terror og vold, kunne det idag vore eit heilt anna og betre liv for både palestinarar og israelarar enn den ulukkelge situasjonen vi har no. Leiarar på begge sider må nok ta eit stort ansvar for at utviklinga ikkje gjekk til samabeid, men til konflikt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar