Det kveldar ute. Skumringstimen vart det gjerne kalla i tidlegare tider før elektrisiteten tok kveldsskumringa bort frå stovene våre.
Etter at eg vart åleine sløkkjer eg ofte mine lampar når kvelden stig på.
I skumringstimen let eg det ofte verte stilt i stova, radio og fjernsyn lyt teie då. Og medan lyset sakte svinn ute, og inne, får tankane vandre sine eigne vegar.
I kveld dukka det ein svensk salme opp hjå meg. Ein salme som Lage Wedin ofte song i Ønskekonserten.
Slik lyder første strofa av den på nynorsk.
I tru under himmelens skyer har fedrane hausta og sådd. Og fram gjennom bygder og byar har kallet og vekkinga nådd.
Kanskje var det skyene over Snøhornet som lokka minnet om songen fram i meg denne kveldsstunda.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar