søndag 3. november 2024

Min plass

Det var ledig ved sida hennar då eg kom inn i kyrkja, og sidan ho var ei eg kjente, sette eg meg inn i benken og helsa god helg.
Ved ein av dei fremste stolpane som held oppe galleriet, og som tek litt rom i den benken. 
Eg bit ikkje, sa ho då eg ikkje sette meg heilt inn til henne. Eg orsaka meg med at min plass helst var ut mot vangen av den benken der eg brukte å ha min plass. 
Det var Helgemessesøndag. Her ved stolpen, sa ho, sat alltid min mann når vi var i kyrkja. 
Då kom eg på at der hadde og min far sin plass, og hans far og i den tida han levde. Men det har av ulike grunnar ikkje vorte min plass. 
Ein av grunnane var nok at eg vart tilsett i kyrkja. Som kyrkjetenar hadde eg min gang i bakgrunnen når kyrkja fylltest av kyrkjelyden til gudstenester eller gravferd.
Så vart eg klokkar, som det tidlegare heitte. Då hamna eg i klokkarstolen framme i koret.
Men og innfor alterringen ved alteret, som prestevikar, har eg fått prøvt meg. Første gongen fekk ein telefon ein tidleg søndag morgon frå soknepresten. Han måtte fylgje kona sin på sjukehuset den søndagen då fødselsveane hadde byrja for henne. Du får ta gudstenesta, sa han. Det vart byrjinga på nokre år som prestevikar, med biskop Bondevik si velsigning.
No må eg tilstå at det er godt å finne sin plass i kyrkjebenken, og berre ta imot det som gudstenesta har å gi ein eldre pilegrim . Og la øyre og hjarte roe seg. Og å kjenne at det er ei velsigning å sitje  der i benken, saman med kjende og kjære medvandrarar på vegen mot æva.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar