mandag 28. oktober 2024

"Med"

Jon Fosse fortel Septologien at den eldre kunstmålaren Asle ofte sit i stolen sin framfor glaset og ser utover fjorden mot medet sitt der ute og let tankane gå. " Tenkjer eg " kjem ofte att i forteljinga.
Eg kjenner meg litt att i det. Eg har og min stol innfor glaset, og mitt "med". Ikkje uti fjorden ein stad, men på andre sida av fjorden. Til heimane der, og åsen som lyfter seg over dei, og bak åsen, fjellet som lyfter si bratte side opp mot himmelen. Og langt bak, der ås og fjell møtest,  lyfter eit anna fjell seg så vidt over åskanten.
Her ser eg dagane verte til veker og månader. Årstidene skifter ham på tre, marker og fjell. Trea som før hadde si grøne kappe av lauv, skifter fargar til raudt, gult og brunt, før vinden tek tak i haustgult lauv, og att står trea med nakne greiner og kvistar. Då dukkar fjorden, som før var gøymd bak blada,  atter fram.
Men snart ventar ein ny ham på dei når vinteren bankar på  og klær dei med kvit snø.
Sola si ferd over himmelen vert kortare for kvar dag, dei dagane ho får lov å syne seg. Dagane då himmelen er kledd i skodde og regn er det berre lyset som fortel at ho er der opp ein stad, i ferd med si vandring frå morgon til kveld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar