Det går mot kveld også denne dagen. I sør raudnar skyene av lyset frå den dalande sola. Snart sigrar mørket og kvelden over lyset og dagen her mellom fjella. Skumringstimen heitte stunda før, før elektrisiteten tok bort skumringa i hus og heim.
Etter at mi kjære døydde frå meg, leitar eg ofte opp att skumringstimen med sin fred og ro.
TV og radio får kvile då med sin støy. I staden har det vorte ettertanken og minna si stund, medan dagslyset svinn og mørkret sig på.
Svenske Stig Johansson har eingong sagt noko eg titt kjem attende til.
"Alla desse dagar som kom och gikk, inte ante jag at det var livet.
Mange år fekk vi ilag. Dagane og vekene gjekk og vart månader og år. Fulle av skiftande hendingar og arbeid. Gleder og sorger. Born og borneborn kom til og vaks opp.
Og så, brått så endra alt seg. Ho var borte og eg stod att på ein gravkant. Ho eg hadde så kjær var ikkje med meg i mine dagar lenger.
Alle desse dagar som kom och gikk, var over, tok slutt.
Vel, ikkje heilt. Dei kjem og går enno, men alt endra seg likevel den dagen ho ikkje var hos meg lenger.
Etter det har eg bygja å setje pris denne stille stunda innfor vindauget. Ettertanken og minna sin time . Skumringstimen.
Alla desse dagar som kom och gikk. Inte ante jag at det var selva livet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar