fredag 30. desember 2022

Minnast


Gamleåret sig i grav, året 2022 er snart historie. For meg var det eit sårt år då to av mine gjekk bort, men og med såre familiebrot i nær familie.
Ein fin februardag i 1964, møttest mi kjære og eg for første gong. Ringane kom på ein kald novemberkveld same året, og  ein augustdag året etter sa vi ja til kvarande ved alteret i Veøy kyrkje på Sølsnes.
Så sette vi bu i mi heimegrend og fekk mange gode år saman, heilt til ho sovna inn i februar dette året, etter månader med kreftsjukdom.
Vi var meint for kvarandre sa ho, meinte ho, mi kjære. Der hadde vore ei hand som hadde ført henne fram til at vi skulle møtast den februardagen for 58 år sidan.

Takk for alt mi gode og kjære Bodil. Takk for alt det gode vi fekk dele av livet saman. No er senga di og stolen din tom. Heklepinnen din har stilna. Eg er åleine i stova vår men borte for meg vert du aldri, i mine minne vil du alltid vere hjå meg.
Den dag kjem aldri, at eg deg gløymer; 
For um eg søver, eg um deg drøymer.
Um Nott og Dag er du like nær, 
og best eg ser deg, naar myrkt det er.

Du leikar kringum meg, der eg vankar.
Eg høyrer deg, naar mitt Hjarta bankar.
Du stødt meg fylgjer paa Ferdi mi,
som Skuggen gjeng etter Soli si.
                     Assmund Olavsson Vinje 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar