fredag 23. desember 2022

Sakn

Det nærmar seg julehøgtida. Den første utan mi kjære her hjå meg. Det er underlege dagar fylte av sakn og vemod. Kvar er ho mi kjære ?
Hennar lekam kviler i ei grav ved kyrkja, dit den kom etter at ho drog sit siste andedrag og alt stogga for henne, hjarte, lunge, ja alt slokna.
Men ho, det som var henne meir enn lekam og ande, dette som er kalla sjel, kvar vart det av. Kvar er det?  
Lat lekamen kvile med fred i si grav. Mi sjel ho er heime hjå Gud, song vi i kyrkja før ho vart førd til kvile på kyrkjegarden. Ja, eg trur det gjennom all mitt sakn og vemod. Ho er heime hjå Gud.
Eg sit og ser ut vindauge ein sein ettermiddag no i førjulsdagane. Ute, over fjella i sør reiser det seg mørke skyer. Men so, brått opnar det seg ei revne i det tunge og mørke, og gjennom denne revna strålar det fram eit anna lys. Varmt og gyllent, som ei helsing frå ei anna verd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar