søndag 8. januar 2023

Nyår

Dagane går. Kalendaren for 2022 er kasta, eit nytt år har byrja. Kva ventar på meg i dei dagane som kjem.  Eit nake og nett påbyrja år skal kledast på med endå ukjende opplevingar, både sorger og gleder.

Eg sit innanfor glaset og ser ut. Ut i den mørknande kvelden. Oppe over åsen i sør kan eg enno skimte ein lysare himmel mellom dei mørke skyene, og nede ved fjorden tindrar lysflaumen frå heimar eg ikkje lenger kan sjå.
Skymingstimen var det kalla før vi fekk heimar med lys i kvar krå.  
Dette er stunder då tankane fører meg vidt, både til det som var, ..... og mot det som enno er gøymt for meg i dagar som kjem.

I slike stunder har eg glede av det andre har tenkt.... og skive. I poesien. 
Dei fylgjande er ord frå ein nordfjording frå Kjølsdalen som Bodil og eg lærde å kjenne.
Arnfinn Berstad, og han kalla orda sine her for: 
Tankane sviv.

Tankane sviv i halvskume kveld,
på vengjer så lette seg lyfter.
Dei vildrar seg bort mellom høgfjell og juv,
stoggar så fram på det brattaste stup:
Skal tru kor lenge denne skoddeflaumen her vil vare?

Men kjenn! no det kjem eit vindpust så friskt
og klåra opp den skya himmel.
Der oppe eg mitt draumeslott får sjå -
i solgylt fargebragd det mot meg strålar.
Eg sovnar inn med betre tru på dagar.


.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar