fredag 9. desember 2022

Vinterkveld

Natta ror sin lette båt så varleg inn mot land, men stiller ikkje all den gråt som gøymer seg bak flimmerlys, og varmar ikkje den som frys med overflod i hand ... , skriv Åse-Marie Nesse. 
Ein kald vinterdag glid mot natt, og i syd, bak åsen i der, gyller dei siste strålane frå sola opp nokre gullskimrande skyer. For meg var dette dagen då sola tok farvel inn mine vindauge for dette året.
 
Eg såg eit glimt frå Moskva på TV'en i dag. Det var Putin som stod med eit høgt glas i handa og skrytte av styrkane hans som skaut broderfolket ut i vinterdagar utan straum, varme og vatn. Og eg undrar meg kvifor det ukrainske folket så ofte har fått kjenne pisken frå maktsjuke menn, Stalin, Hitler og no Putin har alle påført, og påfører dette folket store lidingar.

Utanfor mi verandadør ser eg fuglar på leit etter mat i vinterkulden, ser dei krøkje seg saman og blåse seg opp til runde fjøyrballar for å verne seg mot kulden. Medan eg sit i mi varme stove.
Natta varmar desverre ikkje den som frys, og stiller ikkje all den gråt som skriv seg frå den vondskapen som rår på vår vesle runde, blå kule under den uendelege himmelen der oppe.

Ver du oss nær når dagen døyr, vi bed deg, Herre, høyr! ber Åse-Marie Nesse, og eg med henne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar