Det er eit anna landskap her enn i våre heimegrender. Dei alpine toppene er borte, her er fjella meir avrunda i si form. Mange av dei er høgre, med bratte flog ned mot fjorden under. Men her oppe i dalen mellom fjella rundt, er det mjuke furukledde og lauvskogskledde linjer. Med grøne vollar der støylane ligg, og stille vatn som speglar den skykledde himmelen over. Det er lett å drøyme seg bort i dette rolege landskapet. Annleis på andre sida av fjella vi ser i bakgrunnen, der stuper floget seg mest loddret i fjorden.
Det står ei stor kvige bak deg - seier mi kjære. Ja, eg veit det - svarar eg - ho var nettopp bort i nakken min for snuse på meg, Ville vel vite kva kar eg var. Men ho fann meg ikkje verdt nærare kjennskap for ho held fram med roleg beiting inn opninga i steingarden og attende til vollen. Ikkje lenge etter ringlar det i saubjeller når saueflokken kjem på vitjing for å finne ut kven vi er. Bjellesauen tek nærkontakt medan resten held seg på litt meir ærbødig avstand, men etter litt snusing, spring dei også vidare inn på vollen. Dei stansar ved ein bergknatt som stikk opp av graset, og vert opptekne ved den. Kanskje det vert lagt ut salt til dei der?
I fjella syd for fjorden ser vi at det byrjar å tjukne til for regn. Kva veg dreg det? Kjem det hitover tru, eller dreg det vidare vestover fjella? Kanskje det best å byrje på vegen ned til bygda att så vi slepp å bli våte. Tome termosar og matbokser kjem i sekken, og snart forlet vi støylen og byrjar på stien ned mellom tjukke furuleggar og bærlyng.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar