søndag 22. juli 2012

Eit år er gått.

22.juli. Det er alt eit år sidan landet vårt vart råka av det uventa og vonde. For mange eit langt og vondt år. Ein av våre eigne landsmenn valde å ta liv, mange liv, for ei sak som han såg på som viktig. I dette året har vi og opplevd ei lang rettsak der eit av dei store spørsmåla har vore om mordaren kunne vere psykisk tilrekneleg for det han hadde gjort. Eller om han hadde vore psykisk sjuk. I dag var eg tilstades i ei minnegudsteneste på årsdagen. I talen var soknepresten inn om vala som mordaren hadde gjort. For han hadde eit val. Og han valde det vonde, ikkje det gode. Det vonde og den vonde åndsmakta er ein realitet mellom oss. Vi er blinde om vi nektar det. Der er nok dei mellom oss som på grunn av psykisk sjukdom utfører vonde gjerninger, men dei fleste av oss er gitt høvet til å velje mellom det gode og det vonde. Og vi kan ikkje laste andre kjelder enn oss sjølve om vi vel det vonde. Det meiner eg også om voldsmannen frå Utøya og Oslo. Han står åleine ansvarleg for sitt val. Dei jødiske vismennene seier at alle menneske har to kjelder i seg. Ei kjelde til det gode, og ei kjelde til det vonde. Så må kvar enkelt av oss velje kva kjelde vi vil ause av i våre liv, og kva for ei kjelde vi vil la vere å nytte. Preiketeksta i gudstenesta i dag var 1. Kor 13, der siste verset er; "Så vert dei verande desse tre; Tru, von og kjærleik, og størst er kjærleiken." Så er det opp til oss å velje kjærleiken. Men det er kanskje ikkje like enkelt å gå vidare frå orda og til gjerningane?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar