tirsdag 17. juli 2012

300!

Det er enno så få pilegrimar som går pilegrimsvegen til Trondheim har eg lest. Trass i millioninvesteringer frå staten si side. Men det kan ikkje verte resultatet når dette året skal oppsummerast. For i kveld såg eg på Kveldsnytt at 300 spanske pilegrimar byrja på vegen mot Nidaros. 300! Rett nok skal dei gå berre 180 km og vere framme til olsok, men likevel. Snakk om å gå i stim. Under full musikk og med vaiande flagg. Det vil nok høyrest når den skaren nærmar seg.
Det minte meg om ein morgon i Frankrike. Vi kom vandrande i morgonstilla frå nattlosjiet, då det høyrdest høgrøysta prat som overdøyvde duekurringa i skogen. Og inn frå ein sideveg kom ei vandrande rei med franske av begge kjønn. Og mellom dei gjekk praten høgt, og med store fakter. Vi kom til halde fylgje utover formiddagen. Stundom var vi først, til andre tider var det dei som førde ann. Men heile tida høyrde vi omen av dei.
Om det var dei eller vi som tilslutt fekk eit forsprang hugsar eg ikkje, men vi oppdaga med eit at i skogen rundt oss var det igjen fuglar som song.

ps. Eg må nok rette opp ein feil. Det var ikkje meir enn 200 spanske pilegrimar som som starta å gå frå Jevnaker, på veg mot Trondheim. Men det er likevel ein stor flokk med pilegrimar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar