torsdag 12. juli 2012

Regndråpar

Etter fine sommardagar, også med sol og varme, vakna eg i dag til ein grå regndag. Så dette vert ein innedag, ein fridag frå murprosjektet mitt. Eit prosjekt som har teke mykje tid desse siste vekene, og som enno ikkje er avslutta.
Dette biletet er frå ein annan regndag, men den dagen braut sola fram og laga ein refleks av lys i vatnet der store regndråpar skapte ringar i ei still vassflate.
Ein liten notis i den svenske avisa Dagen har svirra i tankane mine siste døgnet. Ein svensk teolog har skapt reakjonar, særleg i USA, med ei teologisk avhandling. I avhandlinga undersøkte han kva som står i evangelia om krossfestinga av Jesus, kontra det biletet vi har av hendinga. Samsvarar dei? Han fann at det gjer dei ikkje. Sjølve Jesus-hendinga, teologien, samsvarar, men om staffasjen er evangelia lite konkrete. Men der er våre bilete heilt konkrete og utfyllande, skapte gjennom kyrkjekunst og sidefortellingar. Til dømes kva står om krossen, i høve til det biletet vi har av den?
 Dette har det vorte rabalder om. Så langt at han har fått dødstruslar for si avhandling.
Eg las om ein som hadde konvertert til islam fordi der fekk han dei enkle og klare svara  han trong. Der var Gud sine krav og påbod så eintydige.
Må vi alltid ha dei enkle og klare svara på våre spørsmål? Og om vi ikkje får dei, ramlar grunnen under vår tru bort då?
Eg skulle tru at spørsmålet om korleis krossen såg ut, ikkje skulle vere så veldig viktigt som grunnlag for trua. At det heller var sjølve Jesushendinga som var det.
Er det den enkelte vesle vassdråpen og ringen den lagar som vert det eine saliggjerande, er eg redd det fort endar i noko som ikkje er positivt.
Då trur eg det er viktigare å få Guds overlys over liv og tru. Slik at ein kan makte å sjå den store samanhangen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar