søndag 8. mai 2011

Mellom vinter og vår

Romsdal sist helg, og indre Sogn denne helga.
Mellom 35 og 40 mil frå den eine staden og til den andre, og midt imellom bur mi kjære og eg.

Ein skulle tru at våren var komen omlag like langt både i nord og syd, her på vestkysten. Og om den ikkje var, så skulle ein tru at den var komen lenger sør i Sogn enn nord ved Romsdalfjorden.
Men ikkje slik denne våren.

I Romsdal vart storfeet slept ut på beite sist helg. I Sogn var det berre nokre småfe som var ute denne helga.
Og medan markene var frodig grøne i nord, var det heller gulbrunt som dominerte i sør.


I dag kom varmen. Over 20 varme grader i lufta.
Men denne helga fekk vi oppleve kor våren skifte frå eit grønskjer til kvitt og attende til lysande grønt på den 18 mil lange køyreturen.


Vi byrja i Kaupanger med vårblomar, nysprotne tre og grønkande marker.
Men opp Sogndaldalen gjekk dette raskt over i snøfonner langs vegen. Og på vatnet låg isen endå kvit.


Vel ute av Frudalstunnelen, nede ved Fjærlandsfjorden, såg vi at mange av markene framleis var dekt av snø.
Og framme under Bøyabreen, var det ikkje mykje som minte om vår.
Det same biletet såg vi på veg fram frå Skei i Jølster.
Gulbrune marker, og snødungane etter vinteren si snørydding låg enno store ved hus og vegar.


Det er ikkje langt frå Skei og fram til Klakegg. Og Våtedalen, etter Klakegg, er heller ikkje lang. Men skilje frå tidleg til langtkomen vår var nettopp på Klakegg.
Nede i Breimsbygda var skogen grøn langt til fjells, og bøane lyste irrgrøne av langt gras på alle gardane, heile Breimslia opp.
Nede i bygda, langs vegen, lyste fleire av bøane alt gule av løvetann.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar