fredag 13. mai 2011

Don Felipe

Når vi vandrarane, om nokre få dagar, byrjar på vår femte etappe av vegen mot Santiago de Compostela, vil vi etter om lag 5 mil gå gjennom ein liten by som heiter Villacázar de Sirga.
I bykyrkja der, Santa Maria la Blanca, ligg ektemannen til den før omtala norske prinsessa Kristina gravlagd saman med si andre kone.
(sjå mi fortelling om prinsesse Kristina under Camino Fránces 2010)

I boka ”The pilgrimage road to Santiago” står der eit lite ekskurs i omtalen av denne byen, og det handlar om denne don Felipe.
Eg siterar frå boka:

Sidan Felipe var femte son, hadde han ikkje noko von om å kome på kongstrona. Det vart derfor peika ut ein kyrkjeleg karriereveg for han.
Etter studiar i Paris kom han attende til heimlandet, Castilla y Leon.
Han var først ordensbror i Toledo, så abbed i kongebyen Vallodid, før han i 1248 vart utpeika til å vere den den første erkebiskopen i det nyerobra, tidlegare mauriske, Sevilla.
Men interessene hans låg andre stadar enn i det kyrkjelege, og i 1258 fekk han lov å forlate munkeordenen han var medlem av.

Prinsesse Kristina var lova ekteskap med don Felipe sin bror, kong Alfonso X, også kalla ”den vise”, og ho var på veg sørover frå Tønsberg for verte gift med han.
Han var på si side gift med dronning Violente, men sidan ho var barnlaus, så skulle han skilje seg frå henne for å gifte seg med Kristina.
Men Alfonso ombestemte seg. Han ville likevel ikkje ta ut skilsmisse frå kona si.

For å berge Kristina si ære, bestemte Felipe seg for å ekte henne, og dei busette seg i Sevilla.
Etter få år døyr Kristina og vert gravlagd i Covarrubias. (Sarkofaget hennar vitja vi i fjor.)
Felipe gifter seg på ny i 1269, 11 år etter Kristina sin død, men begge ekteskapa hans er barnlause.
Don Felipe tilgav aldri Alfonso si dårlege behandling av Kristina, og reiste fleire gonger opprørsfana mot broren, der han og søkte støtte både i Navarra, Portugal og i det mauriske Granada.
Men i 1274 døyr don Felipe, til broren si store lette, og han vert gravlagd i Villacázar de Sirga.


Don Felipe og kona er gravlagde i særs vakre utforma sarkofag.
Det skal verte spanande å sjå dei med eigne auge. Vonar vi får høve til det.

Denne soga skil seg nokså mykje frå den eg skreiv ned i fjor.
Kanskje er der fleire variantar og, så kva for ei som er rett, kan ikkje eg peike ut.
Om årsaka til Kristina sin død, er der og fleire versjonar.
Ein fortel at det var heimlengt som var årsaka til hennar død, medan ein annan fortel at ho leid giftdøden.
Ein tredje versjon som truleg er nærast sanninga, fortel at øyreverk var grunnen. Då dei opna sarkofaget hennar fann dei ein liten papirlapp med ei oppskrift på øyremedisin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar