onsdag 18. mai 2011

Kveldslys

Vår nasjonale festdag, grunnlovsdagen, 17.mai 2011 har vorte soge.
Og om tre år, tre korte år, skal vi feire at det er 200 år sidan grunnlova vart vedteken på Eidsvoll.
Då vona dei, Eidsvollmennene, at dei 400 åra som lydrike til Danmark var over, og Norge som eige rike igjen skulle verte røyndom. Istaden vart der 90 år i union med Sverige, før fridomen var der i 1905.
Og sidan har vi røynt både sol- og regndagar i folket vårt, slik dagen i går også var.


Det er atter ein stille morgon.
Ute er det eit vinddrag frå aust, og omlag 10 milde grader i lufta.
På skjermen ligg der eit bilete frå igår, sein 17.maikveld.

Då nærma klokka seg 22, og det er ein time sidan sola vart borte for oss bak Blåfjellet.
Men sørsida av fjorden ligg endå og gløder i dei siste strålane frå den dalande kveldssola.
Det er i vest himmelen opnar seg, blank og blå, og let sola få farge bygda og fjella så den intense vårgrøne fargen på skog og mark, får eit gyllent skjær over seg.

Men alt endrar seg.
Om litt er det berre i skyene i sør som endå ei stund låner dei gylne fargane frå sola som sig i havet der ute i vest.
Så slokar dei og.
Natta sig på.

Eller for å vere i den bibelske døgnrytma.
Ein ny dag, eller rettare sagt - eit nytt døgn har alt byrja.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar