onsdag 2. februar 2011

Ut med jula.


Så er det over for denne gongen.
I dag må jula ut. Kvardagane byrjar.
Kva er det eg meiner?
Jula har vi då avslutta for lenge sidan.
Det er Kyndelsmess i dag, 2. februar.Og då heitte det på mine kantar at "Kyndelsmess knut jagar jula ut."
Då var julefeiringa definitivt over.

Kven denne knut var, har eg aldri fått med meg. Og der er ulike forklaringar ute og går, på kven han var.
Ei av dei er at når det mørkna, og det var klårvær, så kunne ein ved å granske vinterbrauta (Mjølkevegen) få eit varsel på korleis våren og somaren vart.
Talet på knutar (stjernehopar) som ein såg fortalde kor mange snørider ein kunne vente utover ettervinteren.
Ei anna forklaring var at etter kyndelsmess kunne ein vente ei hard uværsrid, ein kyndelsmessknut.
Og draup det frå taket denne dagen så kunne ein vente ein god vår og somar her på vestkysten.

Og i dag dryp det, så då kan eg sjå fram til sol og varme når det lid på. Då er det verre for dei aust om fjella. Dei får det vått og surt.

Elles er opphavet til kyndelsmess at i katolsk tid vigsla dei lysa som skulle brukast i kyrkja i det komande året. Kyndel (gamalnorsk : kyndill) er ei fornorsking av det latinske candel som tyder vokslys. Vi har og ordet i candelaber som er ein fleirarma lysestake.

Som kyrkjeleg minnedag er det den 40.dagen etter Jesus sin fødedag. Den dagen skulle mora etter Moselova reinse seg, dersom ho hadde født ein gut.
Dagen har med andre ord si rot i jødisk tradisjon.
Det er denne dagen Lukas fortel om at Maria og Josef kom til tempelet med barnet for å bere fram det fastsette offeret. Der i tempelet møter dei to eldre menneske, Simeon og Anna, som kvar på sin måte vitnar om kven barnet er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar