onsdag 16. februar 2011

Eit kvernhus

Vi er komne midt i februar og fekk ein fager dag, men framleis held vinteren sitt kalde grep om bygda mellom fjella.


Mi heimegrend er nørestranda av fjorden. Bilete er teke frå Lystad, og så kjem Hagen og Sætre vidare innover mot fjordbotnen.
Der fjellrekka ved fjorden opnar seg mot Skorgedalen ligg storurda etter fjellet som eingong fall nedover mot fjorden.
Frå dalopninga fossar Skorgeelva ned gjennom urda. Og her, nesten nede ved fjorden, ligg nokre små kvernhus.


Det er gardane på nørestranda og Sørheim, på andre sida av fjorden, som då det ikkje var berre å gå på butikken og kjøpe, mol sitt korn til mjøl her.
No høyrer det ei forgangen tid til.

Sist dei var i bruk var under krigen. Då sat der i mørke netter, menn inne i kverhusa og høyrde på elva, kvernkallen som surra og gjekk, og kvernsteinen som sakte gjekk rundt og knuste det dyrebare kornet til mjøl.
Medan dei lytta ut i mørkret. Var der nokon der ute som hadde sett og høyrt deira løynde nattarbeid?


Men denne vinterdagen er det stilt ved elva og kvernhusa.
Berre elva susar og klukkar i dei opne råkene i isen.
Det vert nok nokre dagar til før vatnet kan strøyme ned gjennom vassrenna mot kvernkallen og drive han rundt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar